Ørteren-3
Fisk_edited1

Ørteren fiskerett-3

Ørteren er eit regulert vatn mellom 1147 og 1134 moh. Nedtappinga skjer frå hausten og fram til 1. mars. Med normal nedbør og snøsmelting er vatnet fullt tidleg på sommaren.

Storleiken ved fullt magasin er 10.460 da. Ørteren er inndelt i seks fiskerettar. Den innerste delen av Nedre Trestiklan blir leigd ut i lag med Øvre Trestiklan. Den neste retten er resten av Nedre Trestiklan som grensar til Sjekane. Ørteren-1 er den nordaustre delen, Ørteren-2 den austre delen og Ørteren-3 den sørlege delen.

 

Fiskerett-3 er sørenden av Ørteren ved Rv7. Denne fiskeretten er slått sammen med fiskeretten i Krækjaungen.

Fiskerett-3 omfattar området frå grensa for fiskeretten i Nethølen, følgjer etter veglandet mot det faste punktet rett vest for Veanuten. Frå dette punktet i rett line på det største skjæret i sundet mot Sjekane. Derifrå i rett line mot syd på landet.


Hytte: "Kaksebu" - Enkel fiskebu med sengebrisk, bord og ovn.


Leigeperiode: Neste periode fra 1.1.2025.





Tilbake til fiske

Klikk på kart for større kart