Ørteren Sjekane
Fisk_edited1

Ørteren Sjekane

Ørteren er eit regulert vatn mellom 1147 og 1134 moh. Nedtappinga skjer frå hausten og fram til 1. mars. Med normal nedbør og snøsmelting er vatnet fullt tidleg på sommaren.

Storleiken ved fullt magasin er 10.460 da. Ørteren er inndelt i seks fiskerettar. Den innerste delen av Nedre Trestiklan blir leigd ut i lag med Øvre Trestiklan. Den neste retten er resten av Nedre Trestiklan som grensar til Sjekane. Ørteren 1 er den nordaustre delen, Ørteren 2 den austre delen og Ørteren 3 den sørlege delen.

 

Sjekane er vestre delen av Ørteren. Adkomst til fiskeretten og hytte er eigen båt på Ørteren. Det følgjer med båthus ved veglandet mot Lægreidstølen. 

Grensa går om lag 500m vest frå det største skjæret i sundet mot Sjekane, og går ytterst frå ein smal odde og i retning mot Kristennuten.


Hytte: Hytte 36m², bygd i år 2000.


Leieperiode: Neste periode frå 1.1.2025.





Tilbake til fiske

Klikk på kart for større kart