Om oss
kr011_edited1
Krækjahytta (Bygdearkivet)
kr010
Krækjavann, postkort Bygdearkivet)
Halnestølen (Ola)
Første leder

Halne Sameige

Vår bakgunn og historie:


Halne Sameige har frå langt attende i tid vore eit felles bruks- og eigedomsområde for dei eldre

gardsbruka i Kvisla, Lien og Ustedalen og etterkvart også for ein del av gardane i Skurdalen.

Her hadde bøndene frå gamalt sine veidestader, dyregravar, bogestiller, fiskevatn, stølar og driftelæger.

 

I 1837 vart Halne Sameige stifta av 59 gardbrukarar frå desse grendene for å hindre at framande handelskarar tok seg til rette i deira fjellhamn Halne, Monsbuheden og Krækjahaldene. I 1862 kjøpte sameiga i tillegg fjelleigedomen Ørterdalen.

 

I 1869 vart det vedteke å dele den kapitalen som til då var spart opp, men det var usemje om forholdstalet dei skulle dele etter, anten etter pengeskylda eller etter løbbolskylda. Sorenskrivar Meidell avgjorde då i 1890 at løbbolskylda skulle leggjast til grunn. Bortleige av hamna utgjorde på den tida dei største inntektene.

Bortleige av jakt og fiske vart dårleg betalt og utnytta.

 

I 1923 ga Halne Sameige fri grunn til den nye riksvegen som skulle byggast over Vidda. Den nye riksvegen skapte større trafikk innover vidda. Det vart etterspurnad etter hyttetomter, og det vart i det heile lettare å nytte eigedomen. Det vart etterkvart stølsdrift i Ørterdalen, og inntektene av jakt og fiske auka.

 

Utbygging av vasskraft i nyare tid på Hardangervidda vart ei viktig sak for Halne Sameige. Fyrste vassdragsregulering i området vart gjort i Halnefjorden i 1941.

Frå 1964 har det vore regulering av Ørteren og Trestiklane i samband med Usta-Nes-reguleringa.

Hol kommune fekk samstundes kjøpe fallrettane i Ørteren-elva for ei årleg avgift.

 

Tamreinsdrift frå 1897 til 1956 og villreinsjakt frå 1961 har også vore viktig.

 

Landskapsvernområde innover mot Hardangerjøkulen vart vedteke av Stortinget i 1979. 2/3 av sameiga ligg innanfor dette området.

 

Sameiga har etterkvart fått kjøpt og bygd mange jakt- og fiskehytter. Det er leigd ut om lag 100 hyttetomter i Ørterdalen. Beitet blir no berre leigd ut til bønder med sau. I det heile har driftsfomene endra seg mykje opp gjennom åra.



VEDTEKTER HALNE SAMEIGE



       Første styreleder

              Krækja-hytta